Nobel og kvinnene

Ingunn Norderval presenterer boka Nobelkomiteen og kvinnene 1901-1960
Ingunn Norderval presenterer boka Nobelkomiteen og kvinnene 1901-1960 

Internasjonal kvinneliga for fred og frihet (IKFF) opnar jubileumsåret med boklansering.

Torsdag førre veke vart Ingunn Norderval si bok Nobelkomiteen og kvinnene 1901-1960 lansert på Nobelinstituttet. Norderval har under arbeidet med boka sett nøyare både på kvinnene som vart nominert og kvinnene som fekk nobelprisen i dette tidsrommet. Gjennom dei 60 åra Norderval undersøkte nobelkomiteen sitt arbeid fekk ikkje meir enn tre kvinner fredsprisen, medan 36 kvinner vart nominerte totalt sett. Til samanlikning har fem kvinner fått prisen dei siste 10 åra, dette er litt under halvparten av alle prisvinnarane i denne perioden.

Diskrimineringa

Eit viktig spørsmål forfattaren stilte seg gjennom arbeidet med boka vart difor kvifor så få kvinner fekk prisen mellom 1901 og 1960, og om grunnen til dette kunne vere at desse kvinnene vart utsett for noko diskriminering frå komiteen si side. Nordeval uttalte under presentasjonen av boka at det nok var snakk om diskriminering frå komiteen si side, men at det nok også i stor grad var samfunnsstrukturen som gjorde det vanskeleg for kvinner både å drive politikk og fredspolitisk arbeid, og å få heider for denne typen arbeid. Dersom ein ser på den prosentvise fordelinga mellom nominerte menn og kvinner i perioden, var det jo ein større del av dei nominerte kvinnene som faktisk fekk prisen, understreka Norderval.

Dei sentrale kvinnene

Noko av målet med boka jamfør Norderval er å kaste lys på kvinnene som jobba aktivt for fred i første halvdel av 1900-talet. Mange av desse kvinnene har fått ein svært liten plass i historiebøkene, og Norderval ønska å undersøke kven dei var og kva arbeid dei gjorde for fredssaka. Særleg trakk Norderval fram to kvinner under presentasjonen. Desse kvinnene var Rosika Scwimmer og Ellinor Roosevelt. Norderval meinte at mange av dei nominerte kvinnene, slik som Schwimmer rett og slett var for radikale, og at dei difor vart nedprioriterte i høve fredsprisen. Schwimmer som var ungarsk feminist og pasifist, reiste rundt både i Europa og USA og gjorde eit viktig fredsbyggande arbeid i mellomkrigstida, og Norderval meinte at hennar pasifisme og uttalte feminisme var vanskeleg å svelgje for nobelkomiteen.  Ellinor Roosevelt, som  var ein av frontpersonane under forhandlingane om FN si menneskerettserklæring, ville også ha vore ein klar vinnar av fredsprisen dersom ho hadde vore ein mann, meinte Norderval.

Jubileet

I år feirar IKFF hundre år og lanseringa av Norderval si bok vart startskotet på ei lang rekke arrangement for å feire jubileet. Blant anna skal organisasjonen halde ei utstilling om IKFF si historie på Kunstnernes hus i Oslo i februar, og eit fredsseminar på Nobels Fredssenter i mai.