Når terrorismen blir viktig.

Lat oss gjere eit tankeeksperiment. Lukk att auga. Du skal no hente fram bildet av ein terrorist i hovudet ditt. Du har no to minuttar før du skal svare på følgjande spørsmål: Korleis ser han ut? Kvar er han frå? Kva religion høyrer han til? Kvifor ønskjer han, eller har han, utført terror, og mot kven? To minuttar.

Dei fleste, sjølv du som kanskje reknar deg sjølv som ein oppvakt lesar, vil no kunne gi følgjande skildring av mannen, for ja, det er jo sjølvsagt ein mann, du no har eit bilde av inne i hovudet ditt: Han har langt, velstelt skjegg, turban og eit breitt glis om munnen. Han har etniske trekk frå Midtausten-regionen, er muslimsk ekstremist og er ansvarleg for terror mynta på borgarar frå den vestlege verda.

Ei forteljingsramme der all terror er åtak på den vestlege verda utført av muslimske ekstremistar.

Kva er så meininga med dette tankeeksperimentet? Sjølv om dette er historia me oftast høyrer, er det nemlig slik at mykje av terroren i verda ikkje fell innanfor nettopp denne forteljingsramma Lat oss til dømes sjå på  kven som er offer for terroråtak. Storparten av ofra for terroråtak i heile verda, om lag 80 prosent i 2013, kom frå fem land: Afghanistan, Irak, Nigeria, Pakistan og Syria. I perioden 2006-2008 har det USA-baserte Combating Terrorism Center rekna seg fram til at 98 prosent av ofra for internasjonal terrorisme var ikkje-vestlege borgarar. Storparten av desse ofra var også muslimar.

Ut frå desse tala kan me sjå at terrorismen difor er relativt konsentrert. I sin Global Terrorism Index frå 2014 viser Institute for Economics & Peace at ein klar auke i talet på terroroffer dei siste femten åra. I dei 14 åra USA-leia koalisjonen har drive ein krig mot terror har altså omfanget av fatale terroroffer auka. Rapporten gir oss difor god grunn til å sette spørsmålsteikn ved vår eiga militære innblanding i denne krigføringa. Dersom det er slik at krigen mot terror gir fleire terroroffer og fleire terroråtak, burde me kanskje vurdere andre ikkje-militære og meir langsiktige strategirar som vernar betre om fred og tryggleik, både for oss som vestleg land, og for dei menneska som statistisk sett har størst fare for å bli råka av slike åtak.        

Abubakar_Shekau_octobre_2014 VOA 

Kvifor Paris-åtaka vart ei mykje viktigare mediesak enn massakren i Bago.

I høve media si einspora forteljingsramme blir dekninga av terroråtaka i Paris og Bago eit godt døme. Dette er eit godt døme på kva terror media vel å dekke og i kva grad terroren blir dekka. Åtaka i Paris, som sjølvsagt var svært alvorlege, tok 17 menneskeliv. I Bago og nærområda i Borno State, Nigeria, døydde til saman 2000 menneske førre veke. I tillegg vart fleire byar brent til grunnen og utsletta, alt som følgje av herjingane til gruppa Boko Haram.

Jamfør ei statistisk tilnærming til åtaka vart dødelegheita 125 gongar høgre i Bago. Ut frå tala var det ingen ting som skulle tilseie at dekninga skulle vege tyngst på hendingane i den franske hovudstaden, men det gjorde den altså. Medan hendingane i Nigeria vart vist til som ein liten notis i nyhende, vart Paris-åtaka slått opp som hovudsak i både TV, radio og aviser.  

Kanskje var det fordi åtaket på avisredaksjonen til Charlie Hebdo vart tolka som eit åtak på ytringsfridommen, eit av dei grunnleggande prinsippa for den vestlege verda? Ytringsfridommen er ein grunnleggande rett, og er sjølvsagt noko me må verne om, men her har me er ein klar dobbelmoral. Kvifor blir me så sinte når kvite, vestlege journalistar blir halshogd av IS, men gløymer å skrive om alle dei ikkje-vestlege journalistane som kvart år døyr for sin rett til å ytre seg? Kvifor fyller me ikkje gatene i solidaritet for Sofiene Chourabi eller Mohanad Al-Aquidi og deira rett til ytringsfridom? Halvparten av journalistane som døyde i året som gjekk var nett muslimske. Kvifor høyrer me ikkje meir om dei? Dersom ytringsfridommen er ukrenkeleg, burde den ikkje være avhengig av verken landegrenser og nasjonalitet.

Kvifor Paris-åtaka vart ei mykje større sak enn Boko Haram-massakre er det nok fleire grunnar til: relativ geografisk nærleik, mangel på journalistar i Bago, eigarforhold i dei store mediehusa. Her er det nok fleire faktorar som spelar inn, men likevel er det tydeleg at åtaka i Paris passar svært godt inn i forteljingsramma om vesten sin krig mot muslimske ekstremistar, medan åtaket i Nigeria ikkje passar like godt.

Både lesarar og journalistar må vere varsame når ein skal tolke slike hendingar, og det er difor  viktig å alltid ha dette i bakhovudet når ein les nyhende, eller siler nytt relevant stoff. Kanskje unngår ein då informasjonsfeller, og slepp å gjere slik som redaksjonen i radioprogrammet Urix på laurdag gjorde under sending 10.01. Dei valde rett og slett ei gladsak om nigeriansk filmproduksjon, framfor å dekke hendingane i Bago. Det er jo så mykje fælt som skjer i Afrika likevel.