Nordmenn i utlandet

Barn er dei første til å miste rettane sine når det bryt ut krig og konflikt. Dei mistar skulegang, blir utsette for overgrep, opplever traume og får for lite mat. I verste fall blir dei skadde eller drepne. Nett no er fem norske offiserar i Irak for å kjempe mot ISIL. Sidan den kalde krigen slutta har Noreg vore involvert i eit femtitals internasjonale operasjonar. Kva gjer Noreg for å sikre barns rettar i dei konfliktane me deltek i?

«Eg har veldig lite inntrykk av at omsynet til barn er spesifikt på agendaen», seier Hedda Langemyr, leiar av Norges Fredsråd. Barnekonvensjonen slår fast at omsynet til barnets beste skal vere eit grunnleggjande omsyn i alle avgjersler som vedkjem barn. Ei avgjersle om å delta i ein internasjonal operasjon vil sjølvsagt påverke barn. Dermed skal, i følgje barnekonvensjonen, omsynet til barnets beste liggje til grunn for avgjersla. Det er ikkje røynda, meiner Hedda.

Me sit på kontoret til Hedda og snakkar etter å ha gått opp til sjuande etasje. No har me fått te og vatn, og bandopptakaren går. Ho tenkjer seg om, og fortset. «Du har både aspektet med kvinner, fred og tryggleik, altså tryggingsrådsresolusjon 1325 og 1870, og barn blir jo naturleg nok nemnt, men at det er et sjølvstendig omsyn som norske forsvarspolitikarar tek når dei går inn for ein militæroperasjon eller ikkje, det trur eg ikkje det er».

Geografisk har Noreg delteke i internasjonale operasjonar i Afrika, Europa, Midtausten og Sentral-Asia. Dei tre unntaka er ein einsleg politimann i El Salvador, tre soldatar i Guatemala i 1997 og til saman 20 soldatar i Øst-Timor i 1999-2006. Alle desse var FN-operasjonar, med unntak av dei seks fyrste offiserane i Øst-Timor, som var ein del av ein Australsk-leia internasjonal styrke fram til FN-styrka tok over.

Me konsentrerer oss altså om områda rundt Middelhavet, og me seier me gjer det for å verne sivilbefolkninga og skape fred. I ein del tilfelle blir det snakka særskilt om kvinners rettar. Stort sett kvar gong snakkar me om menneskerettar og om fred, men me snakkar sjeldan om barn.

Audun Halvorsen er politisk rådgjevar i forsvarsdepartementet. Han seier barnets beste inngår i ein overordna heilskapsvurdering. «Det handlar om når det er riktig å bruke militær makt for å oppnå ein politisk effekt eller ein humanitær effekt. Ein må vere veldig klar over at militærmakta i seg sjølv er veldig avgrensa. Det er veldig få situasjonar i ein moderne konflikt kor det å bruke militærmakt er nok utan at det er satt inn i ein heilsleg innsats kor du òg ser på politiske verkemidlar og diplomati».

Korleis Noreg bidreg i dei ulike internasjonale operasjonene varierer mykje. Til El Salvador sende me altså ein einsleg politimann, medan 34166 nordmenn tenestegjorde i Libanon. Dei fleste internasjonale operasjonane som Noreg har delteke i har vore FN-operasjonar, men mange har òg vore leia av NATO og nokre av andre, som EU, Organisasjonen for Samarbeid og Sikkerhet i Europa (OSSE), eller USA.

Forsvarsdepartementet held til i ein stor og imponerande kvit bygning med tjukke teppe i alle trappene. På kontoret til Audun går bandopptakaren og han snakkar vidare om den overordna heilskapsvurderinga. «Veldig ofte heng det tett saman med eit behov for humanitær innsats. Ein må vere klar over kva ein ynskjer å oppnå med å bruke militærmakt. Ofte vil det vere å skape eit rom for dei andre prosessane. Det er ikkje militærmakta i seg sjølv som gir den største effekten. Det er diplomatiet, det å skape eit rom for statsbygging, som me ser i Afghanistan, mellom anna. Då må du òg vurdere under kva omstende norske styrkar skal kunne bruke militærmakt. Du må ha veldig klare engasjementsreglar».

Hedda seier at ho trur omsynet til barnets beste er eit omsyn, men at det er lite kommunisert og vektlagt. «Altså når du høyrer at me no skal gå inn på amerikansk side i kampen mot IS så er det jo ikkje sånn at regjeringa då går ut og seier ‘jo av omsyn til barnets beste så skal me det.’ Det er jo ingen som har nemnt barnets beste i den grunngjevinga».

I Fredsrådet har dei altså inntrykk av at omsynet til barn er lite vektlagt. Det kan jo verke som det er noko i det når den politiske rådgjevaren i forsvarsdepartementet ikkje nemner barn ein einaste gong når han svarar på korleis dei vurderer omsynet til barnets beste.

Ein kan lure på kvifor me så gjerne snakkar om å verne kvinner og deira rettar, men aldri nemnar barn. Hedda trur det kan ha noko å gjere med at å snakke om barn med ein gong gjer biletet av militære operasjonar grellare. «På den eine sida så er ein avhengig av å bruke sivilbefolkninga og sivilbefolkningas lidingar som argument for å gå til krig, fordi ein må ha nokre noble intensjonar og nokre klare målsetningar med den operasjonen ein er i, og den skal vere å redde folk og gjere livet litt betre for dei fleste. Og sånn sett så trekkjer ein jo på sårbare grupper som nettopp eit argument og grunnlag for å ty til militære midlar. Samstundes så er det jo klart at i den grad det blir publisert og i den grad det blir ein mediestraum med daude barn som følgje av internasjonal krigføring, så er jo det ekstremt dårleg reklame for den norske regjeringa som deltek i desse operasjonane».

Om ein snakkar om barn i samband med norsk deltaking i ein internasjonal operasjon, så anerkjenner ein samstundes at det finst barn som kjem til å bli råka av operasjonen. Å snakke om barn og militærmakt i den same setninga gir inga gode assosiasjonar. Me vil helst tenkje på barndommen som uskyldig og full av leik, me vil slett ikkje at barn skal oppleve krig.

Likevel vel me gong på gong å delta i internasjonale militære operasjonar. Det kan synast paradoksalt når me ikkje vil at barn skal råkast av krig. Hedda trur det handlar mest om ideologi. «Etter Rwanda og Srebrenica, dei folkemorda me ikkje klarte å stoppe, så har me fått ein normativ ideologisk føring om at det å gjere noko er betre enn det å ikkje gjere noko. Nesten litt uavhengig av kva det å gjere noko eigentleg er for noko og eigentleg handlar om».

Den vestlege verda har kollektivt dårleg samvit for at dei ikkje gjorde nok for å stoppe folkemord på 90-alet. Det må aldri få skje igjen, verda må aldri igjen stå og sjå på at eit folkemord skjer utan å gripe inn. Statsleiarar vil minst av alt bli skulda for å gjere for lite. Då er det betre å handle for mykje, å gripe inn ein gong for mykje heller enn ein gong for lite. Terskelen for å gripe inn militært har blitt mykje lågare. Dermed er det no fleire barn som lev med norske soldatar som ein del av sin kvardag enn det var tidlegare.

«Politikken rundt krig og militære verkemidlar har endra seg mykje. Frå vere tett knyta til venstresida, har militære verkemidlar nå sterkare band til den politiske høgresida», seier Hedda. «Tidlegare så man det mykje i venstresidas politikk, på 70-talet til dømes, med SVs solidaritetsaksjonar i Latin-Amerika og støtte til paramilitære grupper. Det gjorde at venstresida i Noreg fekk eit rykte på seg for å vere veldig ideologisk forankra og veldig ukritiske og veldig naive. Eg meiner at ein ser litt av dei same konturane i dagens høgrepolitikk».

Hedda trur ikkje den auka deltakinga i militære operasjonar har med realpolitikk å gjere. «Som følgje av mentalitetsendringa så skjer krigføring no med ein mykje større grad av ideologisk grunngjeving enn realpolitisk. For realpolitisk, sett utifrå våre nasjonale interesser og våre tryggleiksinteresser er det jo ikkje i vår interesse å jokke rundt i Tripoli. Me har ikkje noko der å gjere og me er ikkje tent med det. Eg trur at ein i større grad no òg på høgresida i norsk politikk argumenterer utifrå normer som om det me gjer eigentleg utelukkande handlar om å hjelpe folk og gjere livet betre for folk. At ein underkommuniserer det tryggleikspolitiske spelet og overkommuniserer kor noble og edle intensjonar me har med våre militære handlingar. Og akkurat den retorikken er ikkje så fjern frå den venstresida brukte i kommunistperioden og utover på 70-talet».

Uansett kva årsaka er, er det eit faktum at Noreg etter kvart har vore med i ganske mange internasjonale operasjonar. Likevel veit me eigentleg ikkje så mykje om korleis det har gått eller kva konsekvensane har vore. «Forsvaret driv mykje internevaluering på dei reint operative tinga», seier Audun, men det har aldri vore gjort nokon heilsleg vurdering av ein operasjon. «No er regjeringa i ferd med å setje ned eit utval som skal sjå på det norske engasjementet i Afghanistan som skal byrje å arbeide frå nyttår. Det blir eit utval med ei veldig brei samansetning og eit heilsleg mandat til å sjå på heile innsatsen. Frå det humanitære via den sivile institusjons- og statsbygginga til det militære engasjementet. Så vidt eg veit er det første gongen det blir gjort no. Eg trur det kan bli ein veldig spanande prosess og eg trur det kan bli ein veldig lærerik prosess, både for dei institusjonane og organisasjonane som har vore involvert og for oss som samfunn. Me har vore der i tolv år, det har skjedd mykje, ting har skjedd undervegs. Det trur eg blir eit viktig arbeid».

Audun har ikkje noko godt svar på om korleis barn vart råka av krigføringa kjem til å bli spesifikt vurdert, men trur ikkje forsvaret vurderer barn spesifikt i sine interne evalueringar. «Eg vil tru at i forsvarets eige evalueringsarbeid så tek dei konsekvensar og omsyn til sivilbefolkninga under eitt, meir enn at barn spesifikt er ein faktor. Akkurat korleis Afghanistan-utvalet vil arbeide, kor djupt dei vil gå i detaljane og kor finmaska deira evaluering av dei ulike faktorane vil vere, det veit eg ikkje».

Den politiske retorikken rundt internasjonale operasjonar handlar om å redde folk. I samband med det snakkar me òg ein del om kor flinke norske soldatar er til å ta vare på sivile. Norske soldatar har meir opplæring enn soldatar frå ein del andre land før dei blir sendt til utlandet. «Eg trur at dei norske soldatane og offiserane har ein god ballast samanlikna med mange frå andre land. Forsvaret har no, særleg i samband med det at me har vore mykje «ute», oppjustert opplæringa i krigens folkerett og humanitærrett», seier Audun. Han har mykje tillit i dei norske soldatane, og snakkar med mykje sjølvtillit.

Hedda er berre delvis av same oppfatning. «Graden av opplæring og graden av regionspesifikk trening er litt betre, men ikkje så bra som forsvarspolitikarane skal ha det til». Ho trur at det er farleg å tru at norske soldatar har så høg kompetanse, ho meiner me fort kan tru for godt om oss sjølve. «Dette er eit farleg sjølvbilete fordi det kan bidra til å forplikte det norske militæret til stadig fleire operasjonar».

Audun er ikkje like sjølvsikker når me spør om kor mykje soldatane kan om barn og barns rettar. «Eg kan ikkje seie at alle norske soldatar har spesifikk barnefagleg kompetanse, men eg trur den generelle kunnskapen om krigens folkerett og dei etiske dilemma er godt ivaretatt». Med andre ord får ikkje norske soldatar nokon spesifikk opplæring i kva for nokre rettar dei barna dei møter under operasjonane har, eller korleis ein skal handtere barn i krisesituasjonar. Sjølv om barn er den gruppa som blir aller hardast råka av krig og kanskje òg den gruppa som er minst i stand til å ivareta sine eigne rettar.

Utan nokon form for evaluering av dei forskjellege operasjonane er det vanskeleg å seie kva konsekvensane av at soldatane ikkje har barnefagleg kompetanse eigentleg er. Sjølv ikkje no, når det endeleg skal gjerast ein heilsleg evaluering av Noregs deltaking i ein internasjonal operasjon er det sikker at konsekvensane for barn kjem til bli vurderte. Det synast som barn er borte frå tankeprosessen, både i forkant og etterkant av internasjonale operasjonar. Det er eit signal om at barns rettar kanskje ikkje blir godt nok ivaretatt under operasjonen heller.

Å snakke om barns beste i ein krigssituasjon kan verke paradoksalt, sidan ein krigssituasjon aldri vil vere til barns beste. Eglantyne Jebb, grunnleggjaren av Redd Barna og barnekonvensjonens mor, sa at «ein kvar krig er ein krig mot barnet». Hedda er einig. «Det handlar ikkje berre om dei psykologiske og dei sosiale konsekvensane, men òg alt frå helsemessige konsekvensar via både infrastruktur og utdanningstilbod. Ein krig påverkar barn på så usedvanlig mange måtar. Barn er i mindre stand til å ivareta sin egne behov og interesser i slike situasjonar», seier Hedda. Ho meiner dei heilslege konsekvensane av konfliktar ofte gjer at barn kjem mykje dårlegare ut etter konflikten uavhengig av «resultatet» av konflikten.

Audun har ei anna oppfatning. «Ein må ty til våpenmakt for å beskytte sivile, og beskytte barn. Det er ei grense for kor mykje samfunnet kan akseptere av vold og overgrep før ein er nøydd til å beskytte dei òg med våpen i hand». Audun synest det er eit vanskelig filosofisk spørsmål om ein krig nokon gong kan vere ein krig for barnet. Han meiner at ein væpna konflikt alltid vil ramme dei som er i han, og at ein må vurdera om det å påføra eit folk noko vondt over ein kort periode er betre enn å la noko vondt skje over mykje lengre tid. At dette er eit kjernespørsmål ein alltid må ha i hovudet når ein snakkar om militæroperasjonar.

Sjølv om han er usikker på om ein krig kan vere ein krig for barn, verker Audun sjølvsikker når han seier at det som ein heilskap har vore bra for barn at Noreg har delteke i internasjonale operasjonar. Hedda meiner derimot at barn ikkje har det nemneverdig betre i nokon av dei landa Noreg har vore til stede i enn det dei hadde det før den militære operasjonen.

På kontoret i forsvarsdepartementet trekk Audun særskilt fram Afghanistan som eit eksempel på eit engasjement som har vore bra for barn. «Det er nokre veldig kvantitative indikatorar på det. Levealder, dødstala bland spedbarn, skulegang, tilgang til helsevesen. Samstundes som det jo har vore krigshandlingar i landet. Men på makronivå trur eg ikkje det er nokon tvil om at utviklinga har gått i riktig retning og at det vestlige militære bidraget har vore naudsynt for å sikre det».

Hedda trekk òg fram Afghanistan, men ho fortel ein noko annleis historie. «Det avheng av kva for nokre kriterium ein listar opp og kva slags standardar ein ser på. I enkelte tilfelle verkar ting litt betre på papiret. Om ein for eksempel ser på utbreiinga av skular i Afghanistan, så ser ein at i enkelte område er skuletilbodet littegrann betre enn det var for nokre år sidan. Men så kan ein samstundes seie at med tanke på kor mange afghanske barn som har blitt drepne som følgje av krigføringa, og kor mange som har fått liva sine psykologisk øydelagt som følgje av ho, og andre destruktive effektar krigføringa har hatt på både den fysiske og psykiske helsa til barn, blir det vanskeleg å trekkje på slike enkeltståande kriterium. Summa summarum vil eg seie at ein kvar krig er destruktivt for barn».

At begge to trekk fram akkurat Afghanistan er ikkje overraskande. Det norske engasjementet i Afghanistan har vore debattert mykje og heftig. Over 8000 norske soldatar har tenestegjort i Afghanistan som ein del av NATOs ISAF-styrke sidan 2002. Innsatsen i Afghanistan er den som ligg øvst i folks medvit og den som folk flest hugsar på først og kan mest om.

Noverande forsvarsminister, Ine Marie Eriksen Søreide, var leiar av Unge Høgre i 2002. Då ho vart spurt av Ny Tid om kva ho meinte om norsk deltaking i Afghanistan svara ho at ho støtta deltakinga og at dei sivile lidingane var akseptable sett i samband med kva ein hadde oppnådd. I 2002 var situasjonsskildringa frå Eriksen Søreide at Taliban var fjerna, kvinner hadde fått det betre og terroraksjonar vart hindra.

Slett ikkje alle var einige i den situasjonsbeskrivinga den gongen. Unge Høgre var eit av tre ungdomsparti som støtta norsk deltaking, dei andre var motstandarar. Deira grunngjeving var at krigen gjekk hardt utover sivilbefolkninga. Fleire tvilte òg på om krigen faktisk hindra terror, eller om han snarare auka rekrutteringa til terrorisme. Afghanistan blei debattert mykje, men barn var aldri tema i debatten.

Når me ein sjeldan gong snakkar om barn i krigsramma land, så snakkar me om barn i fleirtal. Barnekonvensjonen handlar om rettane til barnet, i eintal. Og når me snakkar om barnerettar i Noreg så snakkar me om individ. Kvart enkelt barn må få sine rettar innfridd. Men når det handlar om barn som blir råka av internasjonale operasjonar så snakkar me om det store biletet, om makronivået. Me seier ting som at dei sivile lidingane er akseptable sett i samband med kva me har oppnådd. Barn som gruppe er vanskelege å få auge på i debatten, barn som einskilde individ er heilt usynlege.

Tilbake på kontoret i forsvarsdepartementet er Audun klar på at spørsmålet om internasjonale operasjonar er bra for barn ikkje er et svart-kvitt-spørsmål. «Det vil alltid vere konsekvensar av det å bruke militærmakt i første omgang». Men sett under eitt meiner altså den politiske rådgjevaren i forsvarsdepartementet at den norske deltakinga i internasjonale operasjonar har vore bra for barn.

Hedda er ikkje einig. «Eg kan ikkje seie at barna har det nemneverdig betre no enn dei hadde det forut for krigane. Eg ser ikkje at det har gått bra i nokon av dei operasjonane me har hatt i nyare tid, då meiner eg frå 1999 og fram til i dag. Lenger tilbake var forsvaret vårt eit heilt anna og me deltok knapt i internasjonale operasjonar».

Den store omveltinga i norsk forsvarspolitikk skjedde for rundt 15 år sidan, det er hovudsakelig etter det me har vore ivrige etter å delta i internasjonale operasjonar. Mange av dei barna som budde i desse landa er no på om lag same alder som medlemmar i Press. Det hadde vore flott å få vite meir om korleis det har gått med dei, kva for nokre erfaringar dei har og kva for eit inntrykk dei har av Noreg etter å ha opplevd ei meir militant side av fredsnasjonen. Kanskje me då kunne få eit meir tydeleg svar på korleis nordmenn i utlandet handsamar barn.

Skrevet av: Anne Helene Hauge, nestleder i Press og Sindre Taxt Måge, sentralstyremedlem i Press.

Publisert i LARM, nr. 3, 2014, årg. 15